Montasje av to bileter med kvinne og mann som held foredrag

Maritim næring saknar kompetanse på grøne energiløysingar

Montasje av to bileter med kvinne og mann som held foredrag
Publisert: januar 24, 2022
Facebook
Twitter
LinkedIn

Sustainable Energy katapultsenter og Maritime CleanTech har kartlagt kompetansegapa i næringslivet for å kunne gjennomføra det grøne skiftet i skipsfarten. 

Tilbakemeldingane frå den maritim næringa er at dei har behov for kompetanseutvikling på utsleppsfrie drivstoff og utsleppsreduserande teknologi. Næringa er også klar på at ein vil få behov for ny kompetanse i bedriftene i løpet av dei næraste åra. 

– Skipsfarten i Norge er i omstilling. Behovet for å tileigna seg kunnskap om ny og utsleppsfri teknologi er stort. Det er difor viktig at bedriftene rustar seg og  tileignar seg ny kompetanse for å utvikla og bruka nye løysingar i samband med energiskiftet som me står oppe i, seier Hege Økland, CEO i Maritime CleanTech. 

Rapporten gjev også konkrete innspel til korleis utdanningsinstitusjonar kan endra kurs for å hjelpa industrien gjennom det grøne skiftet.  

– Saman med industrien har me bygd opp ein verdsleiande testinfrastruktur knytt til omstillinga i skipsfarten. Utdanningsinstitusjonane må ta desse i bruk og ikkje minst dra nytte av kompetansen som følger med testsentera våre. Det vil vera med på å sikra relevante og praksisnære utdanningsløp som til ei kvar tid er oppdatert, seier Willie Wågen, dagleg leiar i Sustainable Energy katapultsenter. 

Viktige funn 

  • Teknologi- og utstyrsleverandørar melder om større behov for å utvikla kompetanse på nye område som innovasjon, berekraftige løysingar og nye drivstoff. 
  • Skipsdesign og engineering saknar heilskapstenking for heile verdikjeda, slik at løysingar vert utvikla i ein samanheng og ikkje berre for eit fartøy eller ei løysing. 
  • Reiarlaga og skipseigarane avventar kva kompetanse dei vil tileigna seg til teknologien blir levert. 
  • Alle fagretningar ønskjer å styrka kompetanse innan berekraft, berekraftsmåla, miljøaspekt ved operasjonar og måten å driva eller utvikla verksemda på. 

 

Ulike behov 

I rapporten kjem det også fram at kompetansebehova er ulike i ulike delar av bedriftene. 

Operativt og teknisk personell har behov for spesifikk kompetanse på korleis ta i bruk nye løysingar. 

Dei administrative funksjonane og leiinga har behov for meir generell kunnskap om berekraft og utsleppsreduksjonar, for å sikra at gode løysingar blir velt og lagt til rette for.  

Grundige undersøkingar 

Sustainable Energy og Maritime CleanTech har utarbeida med støtte frå Vestland fylkeskommune. Tett dialog med aktørar i kunnskapsklynga Energiomstilling Vest har vore styrande for prosjektet.  

Undersøkingane blei gjort ved hjelp av kvantitative spørjeundersøkingar og kvalitative intervju. Reiarlag, skipseigarar, utstyrsleverandørar, skipsdesignarar, energiselskap, servicetilbydarar og verksemder som utviklar tekniske løysingar for bruk av nye drivstoff var blant dei som blei intervjua. 

les også