NCE Maritime CleanTech tatt opp i Norsk katapult

Næringsklynga NCE Maritime CleanTech har fått i oppdrag å byggja opp eit nasjonalt katapult-senter som byggjer på kompetanse og testfasilitetar hos leverandørindustri og forskingspartnerar i klynga. Senteret skal vera ein pådrivar for å akselerera overgangen frå fossilt til fornybart i havnæringane.

15 næringsmiljø frå heile landet har søkt Siva om opptak i ordninga Norsk katapult. I dag vart det klart at næringsklynga NCE Maritime CleanTech er ein av tre vinnarar med sitt initiativ Sustainable Maritime Norwegian Catapult Centre. Gjennom senteret skal test- og demonstrasjonsfasilitetar hos partnarar klynga samlast og utviklast til eit nasjonalt test- og innovasjonssenter for utvikling av grøne og smarte energisystem.

Eg vil gratulera NCE Maritime CleanTech med det viktige oppdraget dei har fått. Norsk maritim industri er i dag verdsleiande på utvikling av berekraftige løysingar. Ved å auke innovasjonstakta i industrien vil senteret bli et viktig verktøy for at Noreg skal behalda denne leiarrolla internasjonalt, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Me er svært glade og stolte over å ha fått oppgåva med å byggja opp ein Norsk katapult. Ambisjonen vår er å etablera eit senter som har den fremste kompetansen og dei mest komplette testfasilitetane for utvikling av fornybare energisystem. Samtidig skal senteret vera eit lågterskeltilbod for Noregs mange små og mellomstore bedrifter, slik at dei kjem raskare frå idestadiet og ut i marknaden med løysingane sine, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Det er ei bredt samansett gruppe av industrielle aktørar og FOU-institusjonar som står bak søknaden, kor dei mest sentrale er The Switch Marine Drives Norway, UNITECH, ei rekke reiarlag, samt FoU-partnerar som IFE, UiB, NHH/SNF og NORCE. I tillegg er næringsklynga NCE Maritime CleanTech sentral i den nye satsinga saman med bedriftsnettverket Norwegian Marine Energy Complex.

Skal akselerera overgangen til fornybar energi

Stadig strengare reguleringar til utslepp frå skipsfarten, og ambisiøse norske mål om 40 prosent utsleppsreduksjon frå ikkje-kvotepliktig sektor innan 2030 krev eit storstilt energi- og teknologiskifte. I dette skiftet er det eit stort behov for testfasilitetar som kan styrka den framveksande leverandørindustrien som arbeider med utvikling på dette feltet.

Gjennom Sustainable Maritime Norwegian Catapult Centre vil den norske industrien få tilgang til å leiga fasilitetar der dei kan testa ulike typar berekraftige energisystem med til dømes batteri og hydrogen brenselceller og hybridløysingar. Senteret vil også gi moglegheiter for å testa ut ny teknologi på operative fartøy, der Norled, Knutsen OAS og SolstadFarstad alle har stilt fartøy til disposisjon.

Initiativet vart sett i gong etter ønskje frå The Switch Norway, som eig eit av Europas største privateigde testsenter innan maritim kraftelektronikk. NCE Maritime CleanTech har hatt oppgåva med å samla aktuelle testsenter og kompetansemiljø til ei felles satsing.

– Tilgang til fysisk infrastruktur for utvikling og innovasjon er av stor strategisk viktigheit for konkurranseevna og den framtidige verdiskapinga i den maritime industrien. Dette katapult-senteret vil bli ein viktig læringsarena som bidrar til å skapa meir innovasjon og styrkar Noregs posisjon som havnasjon, seier dagleg leiar i The Switch Norway, Asbjørn Halsebakke.

Eit spanande og viktig oppdrag

Katapult-ordninga vert finansiert av Nærings- og fiskeridepartementet og blir handtert av Siva i samarbeid med Forskningsrådet og Innovasjon Norge. Offentleggjeringa av dei tre nye katapult-sentra vart gjort av næringsministeren på Sivakonferansen i Trondheim tysdag 5. juni. Bergen Teknologioverføring og ÅKP Blue Innovation Arena står bak dei to andre initiativa.

Regjeringa har sett av totalt 125 millionar til ordninga i 2018. Den delen av midlane som vert tildelt Sustainable Maritime Norwegian Catapult Centre skal gå til investering i utstyr, kompetanse- og tenesteutvikling.

– Dei tre nye katapult-sentra har sterke koplingar til forsking og industri. Dette er solide kompetansemiljø som utfyller anna infrastruktur for innovasjon i Noreg. Dei vil kunne bidra betydeleg til omstilling og utvikling av næringslivet i Noreg, seier Stein Terje Dahl, konst. adm. dir. i Siva.

  • Willie Wågen
  • +47 957 53 942
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.