I gang med etablering av nasjonalt katapult-senter

NCE Maritime CleanTech leiar etableringa av eit nytt katapultsenter som skal tilby testfasilitetar for grøn teknologi. Senteret vil om kort tid vera klar til å ta imot verksemder frå heile landet som ynskjer å testa ut sine løysingar.

Det nye senteret skal spela ei viktig rolle i utviklinga av berekraftige energisystem for ulike offgrid-applikasjonar, både på ulike typar fartøy, men også for landbasert industri. NCE Maritime CleanTech stod bak initiativet som vart teke opp i Siva-ordninga Norsk katapult i juni 2018.

Skal styrka konkurransekrafta

I det fyrste offisielle møtet på Stord i august vart eit interimsstyre valt, og det vart teke avgjerder om prosjektleiar, budsjett, vedtekter og utført innleiande diskusjonar om forretningsplan.

– Det er utruleg spanande å vera i gang. Både me og Siva er opptekne av å vera i drift så raskt som mogleg, og me er i rute til å tilby tenester for testing, simulaisering og visualisering allereie om nokre få månader. Me har etablert eit kompetent og dedikert interimsstyre med eit tydeleg mandat. Senteret skal styrka innovasjonsevna og dermed konkurransekrafta til verksemdene i arbeidet med fornybare energisystem, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Det vert etablert eit nytt selskap som skal ha ansvar for oppstart og den daglege drifta av katapult-senteret. I slutten av august vart prosjektplanen godkjend av interimsstyret. På same tid vart også Willie Wågen engasjert som prosjektleiar. Han har mange års erfaring frå maritim sektor, og har hatt leiande stillingar i mellom anna Aker Kværner, Wärtsilä og Corvus Energy.

Tilgjengeleg for alle

Katapult-senteret vil i praksis bestå av fleire fysiske lokasjonar i Sunnhordland og på Haugalandet. Det nye selskapet vil tilby senteret sine tenester og fasilitetar på den opne marknaden, med eit spesielt fokus på små og mellomstore verksemder.

– Senteret vil vera eit svært viktig og nyttig verktøy for industrien. Betre infrastruktur for testing vil auka farta i utviklinga av grøn og smart teknologi, slik at berekraftige energiløysingar vert kommersialisert raskare, seier leiar av interimsstyret Asbjørn Halsebakke frå The Switch.

Med seg i interimstyret har han Gunnar Birkeland (Unitech, nestleiar), Anders Haugland (BTO), Nina Ingvaldsen (NMEC), Liv Reidun Grimstvedt (HVL, Nils Gunnar Kvamstø, UIB er varamedlem), ein representant frå NCE Maritime CleanTech og ein representant frå reiarlaga.

  • Willie Wågen
  • +47 957 53 942
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.