Sustainable Energy til Hannover-messen

Dei norske «havkatapultane» Sustainable Energy og Ocean Innovation har gått saman om ein stand på verdas største industrimesse i Hannover 1. – 5. april. Målet er å finna både samarbeidspartnarar og kundar.

Den tradisjonsrike Hannover-messen har i år rundt 6500 utstillarar og ein forventar omlag 220000 gjestar. Her kjem alle delar av industri- og energibransjen frå heile verda. Dei to norske «havkatapultane» er invitert til Hannover av Norsk-Tysk Handelskammer.

- Me trur Hannover er eit godt sted å vera representert for katapultane og norsk industri for øvrig. Me treng å gjera verksemda vår meir kjend, og me treng og å gjera oss meir kjent med kva som røyrer seg i dei sektorane me kan levera tenester til, seier dagleg leiar i Sustainable Energy, Willie Wågen.

- Katapultane er til for å setja fart i innovasjonsarbeidet i spesielt små og mellomstore norske verksemder. Mange av dem vil og vera i Hannover. For oss gjeld det både å finna gode samarbeidspartnarar og møta potensielle kundar der nede, legg han til.

Kortare veg frå idé til marknad

Sustainable Energy tilbyr testfasilitetar, kompetanse og nettverk for produksjon, lagring, distribusjon og styring av energi. Katapulten skal dela stand med Ocean Innovation, som er eit nasjonalt test-, simulerings- og visualiseringssenter for effektiv prototypeutvikling og verifisering av nye løysingar for blå vekst og grøn omstilling i havnæringane.

- Sustainable Energy og Ocean Innovation utfyller kvarandre, og me trur på synergieffekter om me samarbeider. Saman kan me gjera at vegen frå idé til marknad kortare for ambisiøse norske teknologiverksemder, seier Wågen.

Mange testfasilitetar

Fasilitetar tilgjengeleg i Sustainable Energy er mellom anna The Switch sitt testsenter for maritim kraftelektronikk på Stord, UNITECH Offshore sine anlegg i Sunnhordland og havvindmølla Zefyros ved Karmøy, Haugaland Kraft sitt mikronett på Utsira, skip frå fleire reiarlag, samt testfasilitetar i sjø hos MetCenter.

Sustainable Energy tilbyr også kompetanse og fasilitetar frå ei rekkje forskingsinstitusjonar som IFE, UiB, NHH/SNF, IFE og NORCE. I tillegg er næringsklynga NCE Maritime CleanTech sentral i den nye satsinga saman med bedriftsnettverket Norwegian Marine Energy Complex.

- Gjennom senteret skal norske industribedrifter få tilgang til å leiga utstyr og kompetanse for å testa ulike typar berekraftige energisystem med til dømes batteri og hydrogen brenselceller, seier Wågen.

  • Willie Wågen
  • +47 957 53 942
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.