Testfasilitetar for offshore vind inn i katapult-senter

UNITECH Offshore overtek den flytande havvindmølla, kjend under namnet Hywind Demo, frå Equinor 1. februar 2019. Det inneber at verksemder frå heile landet kan nyttegjera seg av infrastrukturen. Det nye namnet på installasjonen utanfor Karmøy vert Unitech Zefyros by Hywind Technology.

UNITECH er ein av partnarane i nystarta Sustainable Energy Norwegian Catapult Center, og Zefyros vert eit av fleire anlegg frå verksemda som inngår i havkatapulten.

Zefyros gjer Sustainable Energy meir komplett, og vil leggja til rette for auka bruk av berekraftig energi i havrommet. Dette er ikkje berre ein turbin, men ein hub der ein kan testa ut elektrifiseringsløysingar, batterisystem, ladestasjonar under vatn, overvakingssystem for havbotnen og mykje anna, seier Gunnar Birkeland, dagleg leiar i UNITECH.

– Me er utruleg nøgde med å få testfasilitetar for havvind inn i Sustainable Energy. Det vil bidra til å styrka posisjonen til norske verksemder i ein global marknad for offshore havvind, med sterk vekst og stor konkurranse, seier prosjektleiar for havkatapulten Willie Wågen.

Meir enn 200 sensorar

Havvindmølla vert allereie nytta til testing av alt frå radarsystem, bølgevarslingssystem og overvakingssystem for turbinen, til fartøy som fraktar mannskap og utstyr til offshore vind-installasjonar. Anlegget har meir enn 200 sensorar og talet aukar stadig. UNITECH vil sjølv nytta testfasilitetane til å testa ut kablar og tilhøyrande løysingar til undervass-kraftsystem. Ledig kapasitet kan i prinsippet no kjøpast av alle små og mellomstore verksemder.

– Me står litt friare enn Equinor til å disponera anlegget, og er glade for at me no kan stilla turbinen til disposisjon for fleire verksemder som driv med teknologiutvikling. Verksemder som i dag ikkje er inne i havvind, men som treng å testa produkta sine i eit realistisk miljø, kan gjera det her, seier Birkeland.

Equinor har allereie greidd ut moglegheita for å nytta 1,6 megawatt energilagring i tårnet til mølla, under havnivå.

– No har batteriteknologien kome enno lengre, slik at me trur at me kan auka batterikapasiteten i vindmølla. Me fram til å kontakta batterileverandørar som vil testa sine løysingar for energilagring under vatn, seier UNITECH-sjefen.

  • Willie Wågen
  • +47 957 53 942
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.