Styrkar staben

Sustainable Energy norsk katapultsenter har gått frå ein til fire tilsette på kort tid.

 – Me har hatt ei stor auke i både prosjekt og aktivitet og kan no tilby fleire testmogelegheiter for våre kundar enn nokon gong. Når me no styrkar staben med dyktige folk med brei røynsle frå næringslivet, lovar dette godt for vidare vekst i framtida, seier Willie Wågen, dagleg leiar i Sustainable Energy norsk katapultsenter.

 Øyvind Dale byrjar som operasjonssjef etter 13 år i Wärtsilä Norge – sist som ansvarleg for prosjektleveransar til verftsindustrien globalt. Dale har også jobba i ti år i ulike stillingar om bord på skip.

 Tore Kallevåg starta si karriere som elektrikar i Aker Elektro. Vidare utdanna han seg som ingeniør ved HSH (no HVL) innan prosessteknologi og automasjon. Kallevåg har jobba over to lengre periodar i Wärtsilä, innan prosjektleiing, produktleiing, fabrikasjon og sal. I mellomtida starta Kallevåg Olvondo Industries på Rubbestadneset, og dreiv verksemda i fem år. No jobbar han som ansvarleg for sal og marknadsføring i Sustainable Energy norsk katapultsenter.

 Karoline Sjøen er i siste innspurten med masteroppgåva si innan materielvitskap for energi og nanoteknologi ved UiO. Sjøen har samarbeida med Unitech Energy Group AS under arbeidet med oppgåva som tek føre seg sjølvreinsande solceller offshore. Ved sida av studie har ho også jobba som Site Manager og Junior Scientist, med ansvar for Haugesund-kontoret til Unitech. Sjøen har også studert fornybar energi og prosjektleiing. No skal ho jobba med marknadsføring og sal, prosjektleiing og organisatorisk arbeid.

 Sustainable Energy norsk katapultsenter samarbeider også tett med den maritime nærsingklynga NCE Maritime CleanTech og deira 120 medlemsbedrifter.

 – Her får me tilgang til eit godt etablert nettverk som er viktig for den energiomstillinga me står ovanfor. Administrasjonane våre er også samlokaliserte og me kan dra nytte av kvarandre sine resursar og kompetanse ved behov.

  • Willie Wågen
  • +47 957 53 942
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.