Tilbyr testing i verdsleiande motor-lab

Ein avtale mellom Sustainable Energy Norsk Katapultsenter og Sintef Ocean gjev katapult-kundar mogelegheita til å utføra motortestar i Trondheim.

– Sustainable energy har frå før av tilgang på fleire hybridsystem opp til fullskala skipssystem. Men til no har me mangla teknologi og tilgang til testanlegg der våre kundar kan utføra testar knytt til forbrenning og motorteknologi. Dette vil komplimentera tilbodet vårt på ein veldig bra måte, seier Willie Wågen, dagleg leiar i Sustainable Energy Norsk Katapultsenter.

Katapultordninga er eit investeringssenter som investerer i testinfrastruktur. I Trondheim oppgraderer Sustainable Energy motorlaben med ein million kroner, mot at Sintef Ocean set av plass og gjer anlegget tilgjengeleg til  samarbeidspartnarar dei neste åra.

– Motorlaben til Sintef Ocean i Trondheim er verdsleiande. Dette samarbeidet har eg verkeleg tru på, held Wågen fram.

– Spennande

Også i Trondheim er dei nøgde med avtalen som no er i boks.

– Me synest dette er veldig bra. Dette blir spennande på mange måtar. For det første får me ei fantastisk mogelegheit til å investera i utstyr. Dette er også ei gyllen mogelegheit til å komma tettare på ei kundegruppe me vanlegvis ikkje har så mykje kontakt med: gründerar og småbedrifter, seier forskingsleiar Anders Valland, ved Sintef Ocean.

Å komma i kontakt med gründerar er eit strategisk mål Sintef Ocean har sett seg. Valland trur også bedriftene som kjem til motor-laben får mykje ut av det ferske samarbeidet med Sustainable Energy Norsk Katapultsenter.

– Me kan tilby eit unikt kunnskapsmiljø og utstyr som er veleigna for føremålet – nemleg å testa motorteknologi. Eg håpar mange oppdager denne mogelegheita, og nyttar seg av den, seier Valland.

 Sustainable Energy Norsk Katapultsenter dekker ulike ferdigstillingsnivå, frå utvikling og testing av prototype i laboratorie-omgjevnader til ferdige produkt som treng testing i operative anlegg på land, på skip og til sjøs. 

 Desse testanlegga samarbeider me med:

På land:

  • The Switch energitestsenter: 1600m2 tilgjengeleg for alle typar energitesting og treningsformål inkludert fullskalatesting av brenselsceller, energi- konventering og motorar.

  • Unitech prototype-senter: Prototypefabrikk og testing av nye energisystem.

  • Haugaland Kraft Utsira Living Lab: Testområde for nye energikjelder og kontrollsystem i svake nettverk i reelle omgjevnader.

  • HVL - Hall of Flames: Fullskala-testing av brannsikkerheit til elkraftkomponentar og utslepp.

  • HVL - Tankbasseng: Simulering og testing i havmiljø.

  • IFE; Testing i hydrogen-lab og batteri-lab

  • Prototech Energi-lab

  • Westcon Hydrogen og Batteri lab

  • Sintef Ocean motorlab, Trondheim. 

På skip:

  • Offshorefartøy; Solstad Offshore - forsyningsskip.

  • Ferjer; Norleds hurtigbåtar og ferjer

  • Tankskip; Knutsen OAS Shipping - LNG og oljetankarar

  • Passasjerskip; Skoleskipet «Gann».

 Til sjøs:

  • MET-senter: Testområde for havvind og andre havbaserte installasjonar.

  • Unitech floating Solar & Energy: Testområde for energisystem som solcellepanel, lagring, mikrovind og subsea energi ned til 300 m djupne.

 

  • Willie Wågen
  • +47 957 53 942
  • Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.